Retningslinjer for angrerett

Retur og refusjon for fjunku

Me ønskjer at du skal vera nøgd med kjøpet ditt. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje er heilt fornøgd, kan du nytta deg av angreretten innan 14 dagar etter at du har motteke bestillinga.


Miljøpåverknad 

Me i fjunku brenn for ein meir berekraftig motekvardag. Sidan me produserer på bestilling for å unngå overproduksjon, oppmodar me til gjennomtenkt handel. Tenk på korleis plagga kan brukast lenge og på ulike måtar. Kvar retur påverkar miljøet – me set stor pris på at du vurderer nøye før du handlar.


Angrerett og retur

Du har rett til å angra kjøpet innan 14 dagar etter at du har motteke produktet, i samsvar med angrerettlova. Du kan lese om angrerettlova her.


For å vera berettiga til retur må:
- Varen vera ubrukt og i same stand som du fekk han.
- Original emballasje og merkelappar vera intakte.
- Retur meldast til oss på e-post: post@fjunku.no
- Du dekke sjølv returkostnaden, med mindre produktet er feil eller defekt.


Refusjon 

Når me har motteke og kontrollert varen, vil me informera deg via e-post. Refusjonen vert behandla innan 7 verkedagar frå me har motatt varen og utbetalt til same betalingsmetode som du brukte. Merk at det kan ta nokre dagar før pengane er synlege på kontoen din, avhengig av betalingsløysinga di.


Viktige unntak 

Av hygieniske og produksjonsmessige årsaker kan me ikkje godta retur på:
  • Undertøy og badetøy
  • Spesialtilpassa varer (t.d. produkt med trykk, namn eller design tilpassa deg)
  • Varer som er brukte eller skada etter levering, utan at det skuldast produksjonsfeil


Varene dine er laga på bestilling

Sidan me produserer kvar ordre spesielt for deg, har me ikkje eit tradisjonelt lager. Det betyr at me ikkje kan tilby byte av storleik. Om du er usikker på passform, send oss gjerne ein e-post, så hjelper me deg før du bestiller.


Returadresse:

(Denne vert oppgitt etter at du har meldt frå på e-post)

Spørsmål eller noko som ikkje stemmer?

Er det noko feil med bestillinga, eller har du andre spørsmål? Kontakt oss på post@fjunku.no, så finn me ei løysing saman.



Me i fjunku lagar alle produkt på bestilling – det er betre for miljøet og unngår overproduksjon. Me set pris på at du handlar med hjartet og tenkjer langsiktig.

Ver deg sjølv – og takk for at du handlar hos oss!